Mine tenestar

  • Mine skreddersydde grafiske tenestar hjelper deg med å bygga ei heilhetleg merkevare på tvers av alle flater og skape engasjement og bevissthet.

  • Handteikna og digtale illustrasjonar. Alt frå enkle ikon til store detaljerte bileter. Uttrykket vert tilpassa bodskap, målgruppe og evt. eksisterande grafisk profil.

  • Design av totalopplevinga og reisa gjennom ei nettside. Designet vert skreddersydd etter behov, budskap og målgruppe. Kodinga vert utvikla av ein av mine dyktige samarbeidspartnarar.

  • Fargeanalyse av eksisterande fargepalett. Forklaring av kva fargane betyr og gjer og kvar dei gjer best nytte i den eksisterande grafiske profilen.

    Utvikling av fargepalett til grafisk profil basert på målgruppe, strategi og visjon.

  • Design av alle typar produkt, frå første idé, til prototype og til ferdig produkt. Produkta vert skreddersydd kvar enkelt oppdrag og utvikla i samråd med kunde og tilpassa budsjett til bulk-produksjon.

  • Med mitt store nettverk av fabrikkar kan eg tilpassa produksjonen på kvalitet og kvantitet. Alle produksjonar skjer direkte på fabrikkar i Asia.

  • Lurer du på om du treng å endre visuell profil? Kan du bruke noko av det eksisterande eller bør du endre alt? Kva fargar bør du velga og kva kommuniserer eigentlig dei ulike fargane?

    Før man set i gang med ein omfattande og kostbar bygging av ny visuell profil er det smart å gjera ein designanalyse. I analysen eg tilbyr vil de få eit fagleg blikk på eksisterende profil eller merkevare, kva du bør endra og korleis ein skal tenke når de skal utforme den visuelle vegen vidare.

Les litt om nokre av prosjekta mine